61.246° N · 4.977° Ø
Fjaler · Vestland
Industriområde · Fjaler · Vestland

I havgapet.
Klar for industri.

Lutelandet er eit av dei mest komplette industriområda på Vestlandet — med store areal, fornybar kraft, kai med djupvatn og direkte tilgang til ope hav. Vi byggjer ein sirkulær industripark for grøn industri.

210 000 m²
Tilgjengeleg industriareal, regulert til industriføremål
20 m
Djupn ved kai — for store fartøy og tunglast
100 %
Potensialet for fornybar kraftforsyning frå vind, sol og batteri
50 000 t
Årsproduksjon av laks — Bue Salmon sitt landbasert oppdrettsanlegg
— Manifest
Lutelandet er klargjort grunn for storskala, grøn industri, i ein region som veit kva industribygging er. Aktørane her er ikkje isolerte einingar, men koplingar i eit felles system der energi, ressursar og kompetanse flyt mellom verksemdene.
01 — Prosjekt
Pågåande og potensielle

Framtidas grøne industri

Lutelandet er i aktiv utvikling. Fleire store industrietableringar er i gang eller under planlegging — saman utgjer dei eit industriøkosystem bygd på sirkulære prinsipp.

Sjømat · Landbasert oppdrett
Grunnarbeid i gang

Bue Salmon

Verdas største landbaserte oppdrettsanlegg — kapasitet på inntil 50 000 tonn laks årleg. Pilotanlegget på Bulandet har vist framifrå resultat med låg dødelegheit og høg kvalitet.

Ressursstraumar til symbiose
Fiskeslam Prosessvatn Restvarme Energiforbruk

Bue Salmon planlegg å etablere eit storskala, landbasert oppdrettsanlegg for laks på Lutelandet, dimensjonert for inntil 50 000 tonn årleg produksjon. Anlegget er planlagt modulbasert, bygd på dokumentert teknologi frå pilotanlegget på Bulandet.

Etableringa vil skape betydelege og stabile ressursstraumar i form av fiskeslam, prosessvatn, varmebehov og energiforbruk over tid. Desse straumane er grunnlaget for sirkulære verdikjeder, der andre industriaktørar kan kople si verksemd direkte på Bue Salmon sitt anlegg.

Bue Salmon er difor ikkje berre ein enkeltetablering, men eit industrielt anker som legg til rette for vidare industriutvikling på Lutelandet.

Les meir på buesalmon.com.

Energi · Teknologi
Under planlegging

Datasenter

Eit datasenter på Lutelandet kan dra nytte av stabil fornybar kraft. Restvarmen frå serverdrifta kan integrerast i industrielle prosessar og skapar eit energieffektivt, sirkulært kretslaup.

Ressursstraumar til symbiose
Restvarme Fornybar kraft Infrastruktur

Eit datasenter på Lutelandet vil kunne dra nytte av stabil og fornybar kraft frå området sitt energisystem. Restvarmen frå serverdrifta kan integrerast i industrielle prosessar på nærliggjande anlegg.

  • Fornybar kraft — direkte tilgang til vindkraft, sol og batterilager
  • Restvarme — kan nyttast til tørking, oppdrett eller oppvarming
  • Infrastruktur — tomt, nett og kaitilgang allereie på plass
Hydrogen · Ammoniakk
Under vurdering

HTWO Fuel

Produksjon av grønt hydrogen og ammoniakk basert på fornybar energi frå vind- og solcelleparken. Mogleg eksport via kaianlegget og industrisymbiose med naboverksemdene på Lutelandet.

Ressursstraumar til symbiose
Grønt hydrogen Ammoniakk Overskotsenergi

HTWO Fuel ser på Lutelandet som ein aktuell lokasjon for produksjon av grønt hydrogen og ammoniakk, basert på fornybar energi frå vindmølle- og solcelleparken på området.

  • Grønt hydrogen — elektrolyse basert på lokal fornybar kraft
  • Ammoniakk — mogleg eksportvare via kaianlegget
  • Industrisymbiose — overskotsenergien kan nyttast av naboverksemdene
Sirkulær industri
Konsept

Sirkulær slamhandtering

Fiskeslam frå Bue Salmon kombinert med husdyrgjødsel frå regionen dannar grunnlaget for biogassproduksjon og gjødselprodukt til landbruket, eit kretslaup mellom sjømat og jordbruk.

Ressursstraumar til symbiose
Biogass Gjødsel Organisk avfall

Fiskeslam frå Bue Salmon sitt anlegg vil utgjere ein stor og stabil ressurs. Kombinert med husdyrgjødsel frå regionen kan dette danne grunnlaget for biogassproduksjon og produksjon av gjødselprodukt til landbruket.

  • Biogass — energi frå organisk avfall, reduserer klimautslepp
  • Gjødsel — næringsrike produkt tilbake til landbruket
  • Sirkulær verdikjede — lukka kretslaup mellom sjømat, energi og jordbruk
02 — Lutelandet i dag
Aktivitet på området

Aktiv og synleg industriutvikling

Lutelandet er inne i ein fase med aktiv og synleg industriell utvikling. Bue Salmon er i gang med grunnarbeidet for sitt landbaserte oppdrettsanlegg, eitt av dei største i verda, med konsesjon for inntil 50 000 tonn laks årleg.

Grunnarbeidet omfattar masseuttak gjennomført i same operasjon, der massane blir lasta direkte på skip frå kaianlegget. Dette tener eit dobbelt formål: det legg til rette for sjølve oppdrettsanlegget, og formar samstundes nye, store industriområde som kan nyttast i vidare utvikling.

Utbygginga syner korleis Lutelandet blir utvikla gjennom kombinasjonen av pågåande industriell aktivitet og langsiktig areal- og næringsutvikling, med Bue Salmon som ein sentral drivkraft i denne fasen.

Snakk med oss om etablering
Lutelandet industriområde — grunnarbeid og skiplasting
Skiplasting frå Kai 1
Lutelandet — utlasting
Lutelandet — fartøy ved kai
03 — Grøn industriutvikling
Industriell symbiose

Industrisymbiose som drivkraft

Aktørane på Lutelandet er ikkje isolerte einingar. Dei er koplingar i eit felles, sirkulært system der ressursar, energi og kompetanse flyt mellom verksemdene og skapar ny verdi.

A
Bue Salmon
Fiskeslam, prosessvatn og energiforbruk som ressursstraumar til andre aktørar i parken.
B
Datasenter
Restvarme til tørking, oppdrett og oppvarming av industrielle prosessar i nærområdet.
Sirkulær
industripark
Ressursar, energi og kompetanse delt på tvers av aktørar
C
HTWO Fuel
Grønt hydrogen og ammoniakk frå lokal fornybar kraft — eksport og naboforsyning.
D
Slamhandtering
Biogass og gjødsel tilbake til landbruket — lukka kretslaup mellom sjømat og jordbruk.
04 — Infrastruktur
Tilrettelagd for industri

Robust og moderne logistikk

Lutelandet er tilrettelagd for krevjande industri med alt på plass frå dag éin. Energi, kai, areal og kompetanse.

04.1

Fornybar kraft

Vindmøllepark, solcellepark og batterilagring kan sikre stabil og fornybar kraftforsyning til industrielle prosessar.

  • MIKSVind · sol · batteri
  • SKALASkalerbar etter behov
  • SYMBIOSEUtnytting av overskotsenergi

Lutelandet er tilrettelagt for kraftkrevjande industri gjennom ein kombinasjon av fornybar produksjon, nettilknyting og moglegheiter for lokal energilagring. Stabil og rein kraft er eit tydeleg konkurransefortrinn for ny industri.

04.2

Kaianlegg

To kaiar med djupn ned til 20 m LAT og naturleg ly gir direkte tilgang til ope hav for store fartøy og tunglast.

  • KAI 160 × 30 m · 20 m djupn · 100 t/m²
  • KAI 270 × 10 m · 12,5 m djupn · 200 t/m²
  • BASSENG1 300 × 6 000 m · 21 m djupn

Lutelandet Industrihavn har to kaiar bygde for Yme-prosjektet, med naturleg ly og direkte tilgang til ope hav. Manøvreringsområdet utanfor hamna er 2,7 km².

  • Fortøyingsbollard: 200 t på Kai 2 og bak Kai 1 · 70 t front Kai 1
  • Kai 1: 4 kaiskjørt med dekkfendrar (148 t reaksjonslast kvar)
  • Yokohama-fendrar kan leigast
04.3

Industriareal

210 000 m² tilgjengeleg industriareal, der 130 000 m² er klart for bruk i dag. Totalt regulert til industriføremål.

  • MONTASJE33 000 m² — demontering/montering
  • LAGER48 000 m² — montering/lager
  • PLANUtviding mot 1 110 000 m²

Basen dekkjer totalt ca. 210 000 m² tilgjengeleg areal. Grunnen er regulert til industriføremål og store delar er dekt med betong og grus. Kontor og kantine: brakker for 8–10 personar, kantine/møterom for 20.

  • Lagerområde: 27 000 m²
  • Under utvikling: 80 000 m² (infrastruktur på plass)
  • Administrasjonsbygg i Korssundvegen 366
04.4

Kompetanse og nettverk

Lokalt næringsliv og fagmiljø gir sterkt samarbeidspotensial og god tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

  • ØKOSYSTEMNæring · kommune · fagmiljø
  • DRIFTDrift- og prosjektkompetanse
  • HUBGrøn Region Vestland

Regionen har sterke miljø innan sjømat, maritim drift og prosjektgjennomføring. Hub-samarbeidet legg til rette for kunnskapsdeling, rekruttering og kobling mellom aktørar på og rundt Lutelandet.

05 — Grøn Region Vestland
Hub for grøn industri

Del av den grøne omstillinga

Grøn Region Vestland er ei felles satsing for å få fart på den grøne omstillinga av næringslivet i Vestland. Prosjektet samlar offentlege og private aktørar i eit breitt partnarskap, med mål om å gjere omstillinga raskare, meir koordinert og meir handlingsretta.

På Lutelandet er det etablert ein grøn hub. Her samarbeider Nytta, Lutelandet Offshore, Lutelandet Utvikling, Fjaler kommune og Bue Salmon om utvikling av grøn industri og nye løysingar innan energi, sjømat og tilhøyrande verdikjeder.

Les om Grøn Region Vestland
A · 01
Lutelandet Offshore
Festeavtale · dagleg drift · teknisk tilrettelegging
A · 02
Lutelandet Utvikling
Grunneigar · områdeutvikling · industriell tilrettelegging
A · 03
Bue Salmon
Ankerprosjekt · landbasert oppdrett
A · 04
Nytta AS
Hub-fasilitator · samfunns- og næringsapparat
A · 05
Fjaler kommune
Vertskommune · areal og regulering
06 — Lokasjon
Lutelandet
Fjaler kommune, Vestland
Direkte tilgang til ope hav
61.246° N · 4.977° Ø
Ca. 1 t til Bergen · Nær Florø og Førde
07 — Kontakt
Aktiv dialog

La oss snakke om di etablering

Lutelandet Offshore har festeavtale på industriområdet og står for den daglege drifta og den tekniske tilrettelegginga. Verksemder med spørsmål knytt til tomt, infrastruktur, kai, energi, logistikk eller tekniske løysingar, tek kontakt med Tor Gjertsen.

Nytta AS er hub-fasilitator og samfunns- og næringsapparat i vertskommunen Fjaler. Spørsmål om samspel, lokalsamfunn, nettverk og moglegheiter for samarbeid rettast til Andreas Fonn Macsik.

Lutelandet ønskjer aktiv dialog med nye og etablerte industriaktørar. Vi stiller gjerne i møte for å drøfte potensielle utviklingsmoglegheiter.

Send ein førespurnad
Skriv til oss
Lutelandet Offshore
Tor Gjertsen
Drift og teknisk tilrettelegging. Tomt, infrastruktur, kai, energi, logistikk.
Nytta AS
Andreas Fonn Macsik
Hub-fasilitator i Fjaler. Samspel, lokalsamfunn, nettverk og samarbeid.
Sentrale aktørar
Bue Salmon HTWO Fuel Lutelandet Offshore Nytta AS Grøn Region Vestland